Bibliometri: All studies which seek to quantify the process of written communication

Nordforsk-NordResBibl_200‘All studies which seek to quantify the process of written communication’:  Kva er bibliometri og kva kan me bruka bibliometri til?

Bibliometri er for mange nokså upløgd mark – litt uvoversiktleg, komplisert og med enormt mange tolkingar! NARMA inviterte til worksop om strategisk bruk av bibliometri 12. november. Arrangementet gjekk føre seg på Ås, og om lag 35 deltakarar frå institusjonar landet over deltok: Forskingsadministrative, CRIStin-superbrukarar, universitetsbibliotekarar mfl. Pernille H. Grøngaard frå Forskningsstøtteenheden ved Århus universitet i Danmark gav ei grundig og engasjert innføring i bibliometri: Historikk, variantar, utvikling, bruk, inkl. gode døme og demonstrasjonar, samt ei oversikt over faktorar som verkar inn på bibliometriske indikatorar, korleis tolka og ikkje minst, korleis unngå å overtolka bibliometriske data, var blant momenta Grøngaard var innom. Underskrivne er viss på at dei deltakarane som ikkje visste heilt kva h-indeks er før workshop’en, har full oversikt nå. Eit konkret og svært relevant døme som Grøngaard gjekk gjennom var: Korleis bruka bibliometri til å evaluera ein forskar som vurderer å søka ERC Advanced Grant?

Bibliometriens gyldne reglar (iflg Pernille H. Grøngaard):

  • Tag altid de faktorer, der influerer metrikkerne, i betragtning
  • Betragt metrikkerne som et supplement!
  • Sammenlign aldrig på tværs af fagområderne

Stig Slipersæter, spesialrådgivar, NFR, gav ei innføring i korleis NFR nyttar bibliometri i evaluering og rådgiving og korleis NFR arbeider med å utvida kunnskapsgrunnlaget på området. Seniorrådgivar Herman Strøm, Universitetet i Oslo, viste korleis UiO bruker bibliometriske data frå CRIStin og Web of Science som bestlutningsstøtteverkty.

NARMA vil arbeida meir med bibliometri framover, for å auka kunnskapen ved institusjonane, og me vil sjølsagt følgja nøye med på NFRs og CRIStins arbeid med bibliometri: Det å sikra tilgang til store, internasjonale databasar (Scopus, SciVal, Web Of Science) for alle institusjonar kan vera eit (‘hårete’ mål).

For kopi av presentasjonane som blei gitt under bibliometri-workshop’en: kontakt agot.aakra(at)nmbu.no

Ågot.