INORMS – International Network of Research Management Societies, vart etablert i 2001, for å samle forskingsadministrative miljø og organisasjonar frå heile verda. Målet med INORMS er å tilrettelegge for interaksjon, erfaringsoverføring og fellesaktivitetar mellom medlemmar.
NARMA er medlem av INORMS, og våre medlemmar har difor høve til å melde seg på denne konferansen. Neste INORMS-konferanse er i Edinburgh 4.-7. juni 2018, og vert arrangert av den britiske organisasjonen ARMA. Link til promoteringsvideo for konferansen finn de her.