NARMA etablerte for ein del år tilbake SpesialInteresseGrupper (SIG-ar) innanfor ulike forskingsadministrative felt. Graden av aktivitet har så langt vore ulikt frå SIG til SIG – der nokre har vore svært aktive og andre tilnærma inaktive. Dei fleste SIG-ane har vore administrert av personar i NARMA-AU. For å heve aktiviteten og fordele arbeidsbelastinga betre har NARMA-AU vedteke eit mandat for SIG-ane, som no er presentert på nett: http://narma.no/tema/
SIG-gruppene skal framover organiserast med ei arbeidsgruppe, som får ansvar for å halde aktiviteten ved like. Vi håper alle SIG-ane har deltakarar som kan tenke seg å vere med ei slik arbeisdgruppe i eit par år, og hjelpe oss med kompetanseheving innan SIG-feltet.
Dersom du er interessert i å delta ta kontakt med SIG-leiar eller NARMA sitt sekretariat (post@narma.no)