01/02/2022 - 08/02/2022
00:00 - 23:59
Om stillinga
Vi søker ein ny administrativ koordinator for UiO si tverrfaglege satsing UiO:Norden. Tilsettinga er som rådgivar/seniorrådgivar, SKO 1434/1364, knytt til Det humanistiske fakultet (HF), som er vertsfakultet for satsinga.
UiO:Norden er ei tverrfagleg satsing med mål om å fremme ny og relevant kunnskap om Norden og det nordiske i ein internasjonal kontekst. Satsinga skal bringe fram ny kunnskap om nordiske modellar si berekraft, dilemma og utfordringar. UiO:Norden famnar forsking, undervising, formidling og samarbeid ved UiO og med eksterne institusjonar og samfunnsaktørar, og er ei av universitetet sine store tverrfaglege satsingar, saman med UiO:Energi og UiO:Livsvitskap. UiO:Norden er òg partner i «ReNEW – Reimagining Norden in an evolving world» – ein nordisk excellence hub. Per januar 2022 er 9 tverrfaglege forskargrupper tilknytt UiO:Norden, i tillegg til at satsinga støtter ei rekke mindre initiativ.
Administrativ koordinator er ansvarleg for å følgje opp den daglege drifta i satsinga. Dette inneber mellom anna saksbehandling i forbindelse med tildelingar, forarbeid til møter, samt oppfølging av avgjersler, oppfølging av budsjett, kommunikasjon med forskargrupper og rapportering. UiO:Norden har eit mål om å drive aktiv formidling av kunnskap og har ei rekke arrangement i løpet av eit år. Nokre av desse vil finne stad utanfor normal arbeidstid.
Koordinatoren samarbeider tett med direktør for satsinga og rapporterer til denne. I staben inngår òg ein kommunikasjonsrådgivar.
Les mer: https://www.jobbnorge.no/nn-no/ledige-stillingar/stilling/218524/administrativ-koordinator-uionorden-raadgivar-seniorraadgivar
Kart utilgjengelig
Ingen NARMA nett-påmelding for dette arrangementet.