« Tilbake

Ledig stilling – Rådgiver/seniorrådgiver ved det humanistiske fakultet, UiO

01/02/2022 - 08/02/2022
00:00 - 23:59

Om stillinga

Ei fast stilling som rådgivar (SKO 1434) er ledig i forskingsseksjonen ved Det humanistiske fakultet. Vi styrker forskarstøtta og søker deg som er engasjert og målretta, og som vil bidra til utviklinga av fakultetet si forsking og forskingsadministrasjon. Dette krev erfaring frå forskingsadministrativt arbeid og oppdatert kunnskap på feltet. For søkarar med særleg relevant erfaring og høg kompetanse vil tilsetting som seniorrådgivar (SKO 1364) vurderast.

UiO er eit forskingsintensivt breiddeuniversitet. HF er det største humanistiske fakultetet i Noreg og har gode og aktive forskingsmiljø innanfor eit svært bredt og variert felt. Fakultetet har fleire ERC-prosjekt og større forskingsprosjekt finansiert av Noregs forskingsråd, blant anna to Senter for framragande forsking.

Fakultetet har ei sentral rolle i utviklinga av humanistisk forsking i Noreg og ønsker å vere ein forskingspolitisk premissleverandør. Ein prioritert strategisk ambisjon for fakultetet er å i endå større grad bidra til å løyse store samfunnsutfordringar og lykkast betre med søknadar til tematiske utlysingar frå EU og Noregs forskingsråd.

Les mer: https://www.jobbnorge.no/nn-no/ledige-stillingar/stilling/218622/raadgivar-seniorraadgivar-ved-forskningsseksjonen-det-humanistiske-fakultet

Kart utilgjengelig

Ingen NARMA nett-påmelding for dette arrangementet.

« Tilbake